NORWAY'S ONLY COMPEX® CENTER
OUR COURSES

10 Studiepoeng innen Ex

Hva med 10 studiepoeng innen Ex? Nå kan du bli med ExTek på Fagskulen vestland og få en utvidet Ex opplæring.

Fagskulen Vestland tilbyr no ein utdanningsmodul innan «EX - elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege områder»

Studiestad: Nordnes 
Utdanningsform: Nettbasert med samlingar
Studiepoeng: 10
Varigheit: Eitt semester
Kostnader: Gratis

Oppstart: 12. februar 2024

Søknadsfrist: 26. januar 2024

SØK HER www.fagskulen.no

For å utføre arbeid i tilknyting til elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område er det viktig at utførande personell har nødvendig og relevant kompetanse. Utdanninga tar sikte på å dekke ei så stor breidde som mogleg innanfor faget Eksplosjonsbeskyttelse. Dette er eit fag som i hovudsak dreier seg om trygging, slik at vi unngår ulykker der vi kan få skadar på menneske, dyr, eigedom eller miljø. Studiet dekker grunnleggande kunnskapar om kva som skal til for å få til ein eksplosjon, til korleis myndigheitene regulerer dette og korleis store marknadsaktørar fungerer og dei geografiske virkeområda deira.

Dekker bransjekrav

Du lærer prinsippa om korleis slike (Ex) område blir klassifiserte og om tryggingsnivåa som blir kravde innan dei forskjellige faregradene som finst. Du lærer om vegen frå EU direktiv, via nasjonale forskrifter, typestandardar for utstyr og kravet til vedlikehald knytt til slike anlegg.

Studiet dekker krava til opplæring som finst for å lovleg kunna arbeida med slike anlegg, og vil på grunn av breidda si dekke mange marknader der dette er påkravd. Det dekker spesifikke bransjekrav frå tilsynsmyndigheitar som PTIL, DSB, arbeidstilsynet og krav som kjem frå myndigheitsutnevnte godkjenningsorgan som PTB, DNV GL Presafe m.m.

Studiet omhandlar i hovudsak elektro, men tar òg med krav for mekanisk sertifisering og samanstillingar av meir komplekse system, som tavler til store modulsystem. Nokre bransjar har eigne standardar som også har ein innverknad på korleis vi produserer utstyr til slike område (til dømes Norsok) og noko av kurset omhandlar dette.

Utdanninga passar for

Utdanninga passar spesielt godt for deg som ønsker å auka kompetansen innan Ex eller som ønsker ei heilskapleg utdanning innan Ex. Etter utdanninga har ein opparbeidd seg teoretisk kompetanse for å kunna utføre arbeid knytt til elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område.

Praktisk informasjon om utdanninga

Utdanninga er på 10 studiepoeng. Studiet er eit nettbasert deltidsstudium med samlingar og blir gjennomført over eitt semester/6 månader. I tillegg til fysiske samlingar der det nettundervisning og eigenstudiar.

Studiet er modulært og er bygd opp omring EIN/IEC/ISO standardar med delprøvar og kursbevis innan kvart emne. Sluttvurdering er skriflig eksamen som gjennomførast fysisk på Nordnes. Etter bestått eksamen blir det utlevert vitnemål for utdanninga.

Oversikt over samlinger med fysisk oppmøte på Nordnes: 

  • 12. og 13. februar
  • 4. og 5. mars
  • 23. og 24. april
  • 23. og 24. mai
DO YOU HAVE ANY QUESTIONS?
CONTACT US!